Mi estas finan

Eg er dårleg i Esperanto, får så vidt til å konstruera enkle setningar.

Men, ja, eg er ferdig. Med blogg.no. Einaste grunnen til at eg hadde blogg var å lage design, og bli betre på det, men no følar eg at eg har lært så mykje eg kan på blogg.no. Så difor har eg verken tid eller grunn til å oppdatera bloggen meir.

Eg har ikkje tiiiiiiiid.

Planlegginsdag i dag. Sove lenge og berre slappe av heile dagen? Absolutt ikkje. Skal vere på skulen til klokka 10 og ha fysikk til klokka 15 for me har ein så superawesome fysikklerar. Rett etterpå er det trafikalt grunnkurs som eg endeleg har meldt meg på, og så er det anten NU-møte eller aikido. Mest sannsynleg aikido, sidan det er ein ganske ganske liten sjanse for at eg faktisk kan nå NU. Elles så går dagane til skule, sosiale hendingar eller CAS-greier. Eg har aldri hatt noko som liknar så mykje på eit liv før. Det er rart å ikkje ha tid til å sitje på dataen kvar dag.

For at dette ikkje skal bli eit keisamt innlegg med berre tekst, sleng eg inn songen som har vore på repeat sidan tysdag:

Natural is not in it

Var i bursdagsselskapet til CR i går. Kjempekoseleg, og knallgode kakar var det ikkje mangel på. Har aldri åte så mykje kake på ein kveld før, trudde eg skulle døy då eg kom heim, var så kvalm.

Eg har det andre paret med circle lenses på meg, det som eg ikkje har vist fram enno.


AnnaTam var heilt sjukt awesome.


Domo-kun <3

Negler; Portal

The cake is a lie

Gjett kva eg skal gjere i heile dag~

lalalalalala~

Circle linsene min har kome. Eller, dei kom for to veker sidan, men eg har vore for opptatt/lat til å bruka dei. Men så hadde eg dei lilla på meg idag, så eg fann ut at eg skulle vere skikkelig jentebloggar og ta bilete av meg sjølv med dei på. Trutmunn og blowfishandlet og vinklar som gjer at eg ikkje liknar på meg sjølv ein plass er jo obligatorisk. Eg sminka meg til og med, noko som eg ikkje har gjort sidan juleballet i 9ande. Eg er jo skikkeleg jente idag, jo! Skuldar på sola som titta fram plutseleg og varma så mykje at eg kunne gå utan jakke. Linsene er kjøpt her.

Eg har lagt merke til at eg alltid snur hovudet mot høgre når eg blir tatt bilete av. Frustrerande  (ノಠ益ಠ)ノ彡┻━┻

Matblogg, sa du?

Calzone er genialt på fleire måtar. Treng ikkje ost, som gjer det heilt vegansk viss du vil, passar utmerka som niste og kan bli servert med mykje rart i, utan at folk ser stygt på det og vil ikkje smake for det er noko grønt opp i. Også er det berre til å hive alt du har for handa opp i. Eg hadde løk, champignon, brokkoli, kikerter, couscous og eit glas med soltørka tomater i olje som var køyrd i food processoren. Det er forresten eit tips til å lage enkelt knallgode tomatsausar. Eg hadde litt rugmjøl og heilkorna kveite i deigen for å få litt meir å tyggja på.





Her i huset brukar me bakepapir meir enn ein gong. Miljøvennleg og økonomisk!



Oppskrift på pizzadeig:
3 dl vatn
Halv pakke gjær
2 ss olje
7 dl mjøl
Halv teskjei salt

Antar at dei fleste veit korleis ein lagar gjærdeig?

You just can't take the effect and make it the cause




 The White Stripes inspirerte negler.

Paaaaaaasta~


Til alle som ikkje har smakt pesto før: shame on you! Kok opp pasta, server med pesto og tomater og du har ein knallgod middag på kvarteret. Passar ypperleg når du er heime åleine med to prøvar og ein framføring neste dag. Ein gong skal eg laga pesto sjølv, må berre gro basilikum i hagen fyrst.

We take our fears and disappear somehow










Eg stal eit prisme i frå skulen idag, så no har eg leika rundt med det og kameraet i fleire timar. Og, ja, eg skal levera det tilbake ein gong før eg sluttar på skulen, neste time i chemistry kanskje.




Kategoriar:
  • Design
  • Kvardagslege ting
  • Nail Art
  • Photoshop
  • Veggismat


  • Arkiv:
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • August 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011
  • Mai 2011
  • April 2011
  • Mars 2011

  • hits