Mi estas finan

Eg er dårleg i Esperanto, får så vidt til å konstruera enkle setningar.

Men, ja, eg er ferdig. Med blogg.no. Einaste grunnen til at eg hadde blogg var å lage design, og bli betre på det, men no følar eg at eg har lært så mykje eg kan på blogg.no. Så difor har eg verken tid eller grunn til å oppdatera bloggen meir.

Eg har ikkje tiiiiiiiid.

Planlegginsdag i dag. Sove lenge og berre slappe av heile dagen? Absolutt ikkje. Skal vere på skulen til klokka 10 og ha fysikk til klokka 15 for me har ein så superawesome fysikklerar. Rett etterpå er det trafikalt grunnkurs som eg endeleg har meldt meg på, og så er det anten NU-møte eller aikido. Mest sannsynleg aikido, sidan det er ein ganske ganske liten sjanse for at eg faktisk kan nå NU. Elles så går dagane til skule, sosiale hendingar eller CAS-greier. Eg har aldri hatt noko som liknar så mykje på eit liv før. Det er rart å ikkje ha tid til å sitje på dataen kvar dag.

For at dette ikkje skal bli eit keisamt innlegg med berre tekst, sleng eg inn songen som har vore på repeat sidan tysdag:

Natural is not in it

Var i bursdagsselskapet til CR i går. Kjempekoseleg, og knallgode kakar var det ikkje mangel på. Har aldri åte så mykje kake på ein kveld før, trudde eg skulle døy då eg kom heim, var så kvalm.

Eg har det andre paret med circle lenses på meg, det som eg ikkje har vist fram enno.


AnnaTam var heilt sjukt awesome.


Domo-kun <3

The cake is a lie

Gjett kva eg skal gjere i heile dag~

lalalalalala~

Circle linsene min har kome. Eller, dei kom for to veker sidan, men eg har vore for opptatt/lat til å bruka dei. Men så hadde eg dei lilla på meg idag, så eg fann ut at eg skulle vere skikkelig jentebloggar og ta bilete av meg sjølv med dei på. Trutmunn og blowfishandlet og vinklar som gjer at eg ikkje liknar på meg sjølv ein plass er jo obligatorisk. Eg sminka meg til og med, noko som eg ikkje har gjort sidan juleballet i 9ande. Eg er jo skikkeleg jente idag, jo! Skuldar på sola som titta fram plutseleg og varma så mykje at eg kunne gå utan jakke. Linsene er kjøpt her.

Eg har lagt merke til at eg alltid snur hovudet mot høgre når eg blir tatt bilete av. Frustrerande  (ノಠ益ಠ)ノ彡┻━┻

We take our fears and disappear somehow










Eg stal eit prisme i frå skulen idag, så no har eg leika rundt med det og kameraet i fleire timar. Og, ja, eg skal levera det tilbake ein gong før eg sluttar på skulen, neste time i chemistry kanskje.

These two sides of my brain need to have a meeting




Eg blir verkeleg ikkje nøgd med nokre bilete eg tar for tida, så eg prøvar å redigere bileta på nye måtar i photoshop og endar opp med å bli endå mindre nøgd. Inspirasjon til å gjere noko kreativt har eg mykje av, men tid og tolmod til å gjere det har eg ikkje. No sit eg og lakkerar neglene mine, noko eg ikkje har gjort på tri veker. Det har eg eigentleg ikkje tid til heller, med ein prøve og ein presentasjon å øva på.

Gratulera så mykje med dagen, Hedda!

With our boots, let's make a toast!


På engelsk så refererar dei til land som "she" og "her" på engelsk. Dei elles grusomt keisame historietimane blir litt meir underhaldande når fem!Hetalia har cat fight i bøkene mine.

~ 20110824











Skulen har så vidt starta, og eg er allereie så opptatt at eg ikkje har tid til å vere på dataen, så her har dykk nokre overredigerte bilete eg tok i sommar.

Let me hear that song


Denne sommarfuglen har budd på terassen utanfor rommet mitt i fleire dagar no. Den har så lite livshug at eg får lov til å klappa den. Elles skjer det ikkje noko spanande. Høljar ned utanfor, skule på måndag og folk som flyttar i frå meg.

If I'm leaving we don't stop livin', you know











I don't speak German but I can if you like

Det er travelt å ha ein tysker på vitjing. Laurdag bar det opp til Preikestol, i dag var det tritimars sykkeltur rundt halve øya, inkludert nokre minuttar innom Rover landsleiren, jogging i morgon tidleg og Trondheim på tysdag.







Fivreld at floksa og fjuka ifraa

Eg har fått kameraet mitt tilbake, tjohei.



bubble pop pop

Berre eit bilete for å dokumentera at det har vore sommar på Karmøy i år òg.

hei.

Kva har eg gjort i det siste? Jo, eg har gjort alt anna enn å vera på dataen. Og det kjem nok til å fortsetje slik heile sommaren, sjølv om me har drittvèr. Så ikkje forvent noko oppdatering her på ei stund~

oi.

Skal visst reise eg i morgon. Oslo. Desucon. Eg har nesten ingenting klart. Kanskje på tide å kjøpe bussbillettane?

Anyways, kven andre skal? 8D

Også eit NB: Eg ser ikkje ut som meg sjølv på eit einaste bilete eg har lagd ut på bloggen min, så ikkje forvent å kjenne meg igjen. >.<

Før eg brenn ned

På sundag gjekk eg til Ellen. På føtene. Det er sånn 17-18km. Tok meg tri og ein halv time. Elles er eg ganske opptatt med å gjere ingenting.





BTW, dei der skuggane nede til høgre på bileta har eg ikkje peiling på kor kom frå, men dei er vekke no.

How droll.

Okei, det er sheit, men teikningen er knallbra til å vere meg, ok? Eg er litt stolt av den.

20110517

Kameraet mitt fekk slag og delvis synsbortfall idag, så eg måtte ta på meg kirurgjakka og gå inn for å operere. Operasjonen var vellukka, men er fare for nokre bivirkingar i ettertid.


Korleis å døy før eksamen

- Gå ein halv mil baklengs
- Ete muffinsar med muffinsdeig som glasur
- Ete rein muffinsdeig
- Sjå på andre folk ete sjokolade, noko du ikkje kan på grunn av eit veddemål
- La venen din utføre eit eksperiment på deg
- Leike med ein overentusiastisk ulvehund
- Ikkje spele Zelda
- Sitje på bussen utan straum på iPoden med ein alkoholikar ved siden av som snakkar så høgt at det er umogleg å unngå å høyre om alle jentene han skryt på seg

I don't wanna look like you or dress so well.

For eit par fem dagar sidan fekk eg ein pakke i posten. Den var fin, og passa heilt perfekt. Så eg må passe på å ikkje leggje på meg til Desucon.

Ja, også faila eg litt i å ta bilete med sjølvutløysar. Dette var det beste eg fekk til.

Det var den sundagen, gitt.

Sol og fint vèr ute. Ville aller helst gjera dette:


Men brukte heile dagen på dette:


Eg blir like overraska kvar gong over kor enkelt det er, så lenge ein berre hugsar korleis i helsike ein gjer det.

One man's junk is another man's treasure.









Kaninøyrer~



Var i Haugesund i dag for å treffe Chibii. Det var kos. Gjekk fram og tilbake i gågata utan mål og meining, kjøpte Usamimi som endeleg var på H&M rundt om her, funne pocky til ho og ete falafel. Som forresten er den beste eg har smakt. Eigaren vil ikkje gi ut oppskrifta, men eg kan få kome å sjå på når han lagar det ein gong viss eg vil.

Oppdrag: Kpopifisering

Ei i klassen min, Ida, har alltid vore glad i klassisk musikk. Plutseleg ein dag fekk eg det føre meg at ho, ho kunne eg smitta med litt kpop. Ho var jo så open for det. Så då byrja eg prosjektet. Fyrst var det B2st med Shock. Deretter dansa gruppa vår i gymmen til Supermagic av Supreme Team. Og, ja, dei skriv Supermagic i eitt ord. Så gjekk det over til Ring Ding Dong, Sorry Sorry, Bonamana, Dang Dang Dang, Abracadabra, Bo Beep Bo Beep også vidare.

I dag skulle me byrja på framføring i norsken, der me kan ha om kva me vil, og me kan jobba så mange me vil i lag. Ida spring bort til meg med ein gong.

Ida: Skal me jobba saman?
Meg: Sure.
Ida: SKAL ME HA OM KPOP?!

Eg tar det som eit mission complete.

Bloggar eg er glad i






Kategoriar:
  • Design
  • Kvardagslege ting
  • Nail Art
  • Photoshop
  • Veggismat


  • Arkiv:
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • August 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011
  • Mai 2011
  • April 2011
  • Mars 2011

  • hits