Matblogg, sa du?

Calzone er genialt på fleire måtar. Treng ikkje ost, som gjer det heilt vegansk viss du vil, passar utmerka som niste og kan bli servert med mykje rart i, utan at folk ser stygt på det og vil ikkje smake for det er noko grønt opp i. Også er det berre til å hive alt du har for handa opp i. Eg hadde løk, champignon, brokkoli, kikerter, couscous og eit glas med soltørka tomater i olje som var køyrd i food processoren. Det er forresten eit tips til å lage enkelt knallgode tomatsausar. Eg hadde litt rugmjøl og heilkorna kveite i deigen for å få litt meir å tyggja på.





Her i huset brukar me bakepapir meir enn ein gong. Miljøvennleg og økonomisk!



Oppskrift på pizzadeig:
3 dl vatn
Halv pakke gjær
2 ss olje
7 dl mjøl
Halv teskjei salt

Antar at dei fleste veit korleis ein lagar gjærdeig?

Paaaaaaasta~


Til alle som ikkje har smakt pesto før: shame on you! Kok opp pasta, server med pesto og tomater og du har ein knallgod middag på kvarteret. Passar ypperleg når du er heime åleine med to prøvar og ein framføring neste dag. Ein gong skal eg laga pesto sjølv, må berre gro basilikum i hagen fyrst.

Bananis

Bananis er ein enkel, sukkerfri og vegansk alternativ til iskrem. Alt du treng er ein frosen banan som du køyrer i blendaren til den har fått ein fin konsistens. Du kan variere med å ha forskjellige ingrediensar i, som f.eks peanøttsmør, honning, nøtter og sjokolade. Sjølv pleiar eg å hive det eg finn av usalta nøtter opp i. Hugs å skrelle banana før du legg den i frysaren!

Mobilbilete sidan eg har vore så flink og endeleg levert inn kameraet mitt.

Veganske bønneburgarar


Skrivefeil på bilete, eg veit, men er for lat til å fikse.






Kategoriar:
  • Design
  • Kvardagslege ting
  • Nail Art
  • Photoshop
  • Veggismat


  • Arkiv:
  • Oktober 2011
  • September 2011
  • August 2011
  • Juli 2011
  • Juni 2011
  • Mai 2011
  • April 2011
  • Mars 2011

  • hits